Søk: 

   
 
Logg inn      
   
   Medlemsområde
   Brukernavn :
  
   passord :
  
  
  
  Glemt passord...?
  Bli Medlem
 
Norske Aviser
 
Daglig verktøy
 
Kultur link
 
Nyhet
    Tips en venn   |     Skriv ut
 
26.02.2008
 

Fem år er lenge

 
Shantakumar Sivanesen har fått endeleg avslag frå UNE på søknaden sin om asyl i Noreg. I det endelege avslaget står det at han må vere fem år i Sri Lanka før han får kome tilbake til Noreg.
 

Utlendingsnemnda har hengt seg opp i at Shantakumar Sivanesen gav urette opplysningar då han for ti år sidan kom til landet. Sjøl om Sivanesen i ettertid har lagt seg flat for styresmaktene.

Kva skal eg gjere? Eg kan reise to-tre år, men fem år er lenge, seier Sivanesen fortvila.

Sidan han kom hit har han slått seg ned og funne seg til rette i Hareid. Han har funne kjærleiken og gifta seg med ein norsk statsborgar, Venezia Kulasegaram.
Når Vikebladet Vestposten snakkar med Shantakumar har han framleis ikkje fortald kona at han må reise tilbake til Sri Lanka. Han gruar seg til han må fortelje det. Venezia er sjukepleiarstudent og er ute i praksis no, så han vil vente til ettermiddagen når ho er ferdig for dagen. Paret er gifte, men staten har i ettertid sagt at ekteskapet ikkje er gyldig, sidan Shantakumar ikkje hadde asyl i Noreg. Men paret har planar om å gifte seg på ny, dei er eit par og vil vere i lag.
Shantakumar og Venezia bur i dag i huset til systera til Venezia i Hjørungavåg, men Venezia har signalisert at ho ikkje vil bu der aleine om Shantakumar dreg til Sri Lanka. Samstundes er det vanskeleg for henne å vere med til Sri Lanka. Ho er midt i studiane, og Shantakumar har lite lyst å ha henne med til krigsområda. Han kjenner seg nokså sikker på at han hamnar i fengsel om han reiser tilbake, for i Sri Lanka blir han sett på som ein terrorist.

Som eit fengsel

Shantakumar kjem frå Nord-Sri Lanka der det er krig. Sundag snakka han med familien sin i Jaffna-området. Dei kunne fortelje om nylege eksplosjonar og ville berre flytte derifrå. Men familien manglar pass, så då kjem dei seg ikkje derifrå. Det er ikkje berre for tamilar i Sri Lanka å skaffe seg pass, slik det er for nordmenn i Noreg å skaffe seg pass.
Shantakumar skildrar å bu i Jaffna-området som å bu eit stort fengsel. Dei som bur der har ikkje lov til å gå ut av husa sine mellom seks på kvelden og seks på morgonen. Dei har ikkje lov til å bruke lys, ikkje ei lommelykt ein gong. Innbyggjarane har 40-50 000 militære som vaktar dei. Der er jamleg eksplosjonar. Då militære ikkje veit kven som er tamilske tigrar, berre at dei er på ferde, blir mange tamilske ungdomar arresterte etter eksplosjonar, sjølv om dei ikkje har gjort noko.
Shantakumar kjenner til ein familiefar som sist fredag drog ut for å fiske. Då han kom utpå dagen var heile familien drepen og huset deira var bomba.

Laug på alderen

Shantakumar vedgår at han laug på alderen då han kom til Noreg. Men det veit han mange som har gjort, men dei har likevel fått norsk statsborgarskap og pass.

Fekk ikkje møte

Då Shantakumar Sivanesen i januar i år fekk avslag på søknaden sin om asyl, bad støttegruppa hans om eit møte med UDI. Dei ville diskutere saka med statsmakta, støttegruppa fekk ikkje påstandane frå UDI til å stemme med røynda. Men noko slikt møte vart det aldri noko av. UDI skal ha svara at det ikkje var vanleg å få eit slikt møte.

"Frivillig" utreise

Shantakumar Sivanesen er 31 år. Om han reiser fem år til Sri Lanka seier han det blir fem år utan arbeid. Han fryktar at det blir vanskeleg å kome tilbake til Hareid som 36-åring og søkje jobbar. Han synest òg det er lenge å vente med å stifte familie.
I brevet som Shantakumar har fått står det at om han reiser frivillig vil staten betale reisa hans. Om han ikkje reiser frivillig vil politiet hente han og sjå til at han reiser. I så fall må han betale reisa sjølv.
Eg veit ikkje kva eg skal gjere, fortvilar han.

Kilde: vikebladet.no